torsdag 6. september 2012

ØVING: Stimuli og tilpassing

I denne øvinga skal vi studere korleis meitemarken reagerer på stimuli som lys og temperatur. Det er viktig å gjere forsøket utan å plage dyra, og sleppe dei ut igjen når forsøket er ferdig.

Åtferd er ei blanding av nedarva og tillærte måtar å reagere på. Det handlar om å overleve, td ved å unngå å bli spist. Dei individa som best meistrar desse utfordringane, er dei som fører gena sine vidare.

Læreplanmål: 
Gje døme på og forklar korleis åtferd som kjem av evolusjon, er ein del av tilpassingane til omgivnadene. 

Vi skal studere korleis meitemarken reagerer på lys, og så vurdere kvifor denne åtferden er ein nyttig eigenskap. Etterpå skal vi studere korleis meitemarken reagerer når temperaturen fell. Er desse døma på åtferd mest truleg resultat av arv eller læring?

Øvinga høyrer til kapittel 3 i Bios 1, og vil bli gjennomført fredag 14. oktober.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar