fredag 19. oktober 2012

ØVING: Laukceller

I denne øvinga skal vi studere celler av raudlauk i mikroskop. Hensikta er å øve på bruk av mikroskop, samstundes som vi lærer meir om planteceller.

Planteceller skill seg frå dyreceller ved at dei har cellevegg, kloroplast og vakuole. I mikroskopet er det lett å sjå celleveggen og cellekjerna, og i nokre celler kan ein og sjå vakuoler og cytoskjelett.

Læreplanmål
Gjere greie for oppbygginga av eukaryote celler og forklare kva for funksjonar ulike delar i cellene har



 Vi skal studere det tynne hudlaget på oversida og undersida av laukskjella.

I mikroskopet ser vi laukcellene med cellevegg, cytoplasma og cellekjerne.

torsdag 6. september 2012

ØVING: Stimuli og tilpassing

I denne øvinga skal vi studere korleis meitemarken reagerer på stimuli som lys og temperatur. Det er viktig å gjere forsøket utan å plage dyra, og sleppe dei ut igjen når forsøket er ferdig.

Åtferd er ei blanding av nedarva og tillærte måtar å reagere på. Det handlar om å overleve, td ved å unngå å bli spist. Dei individa som best meistrar desse utfordringane, er dei som fører gena sine vidare.

Læreplanmål: 
Gje døme på og forklar korleis åtferd som kjem av evolusjon, er ein del av tilpassingane til omgivnadene. 

Vi skal studere korleis meitemarken reagerer på lys, og så vurdere kvifor denne åtferden er ein nyttig eigenskap. Etterpå skal vi studere korleis meitemarken reagerer når temperaturen fell. Er desse døma på åtferd mest truleg resultat av arv eller læring?

Øvinga høyrer til kapittel 3 i Bios 1, og vil bli gjennomført fredag 14. oktober.

Velkommen til biologibloggen på HVS!

Denne bloggen er laga som eit digitalt hjelpemiddel i biologiundervisninga ved Haram vidaregåande skule. I fyrste omgang vil den bli nytta i samband med det praktiske arbeidet i faget som til dømes labøvingar og arbeid i felt.