Kompetansemåla i Biologi 1
Den unge
biologen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
planleggje og gjennomføre
undersøkingar i laboratorium frå alle hovudområda, rapportere frå arbeida med
og utan digitale verktøy og peike på feilkjelder i undersøkingane
·
gjennomføre eit større
feltarbeid og nytte biologiske metodar til å samle inn, kartleggje og utforske
ulike typar organismar og leggje fram resultata frå undersøkingane
·
observere og namngje nokre
vanlege artar frå ulike biotopar og samanlikne dei med omsyn til fellestrekk og
variasjon ved å bruke kunnskapar frå systematikk
·
trekkje ut informasjon frå
biologiske tekstar, brosjyrar, aviser, bøker og frå Internett, og vurdere
korleis informasjonen er underbygd
Cellebiologi
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
gjere greie for oppbygginga av
eukaryote celler og forklare kva for funksjonar ulike delar i cellene har
·
forklare transport gjennom
cellemembranen ved å bruke kunnskap om passive og aktive transportmekanismar
·
gjere greie for oppbygginga og
formeiringa til bakteriar og virus, og relatere det til prosessar i natur,
industri og helsefagleg samanheng
Fysiologien
til mennesket
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
gjere greie for oppbygginga av
og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til
sjukdommar som har samanheng med livsstil
·
samanlikne hormonsystemet og
nervesystemet og forklare korleis desse systema blir påverka av ulike stoff
·
gjere greie for korleis
immunforsvaret og andre delar av infeksjonsforsvaret verkar
·
diskutere problemstillingar
som gjeld organdonasjonar og medisinske kriterium for død
Funksjon
og tilpassing
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
samanlikne bygning og funksjon
av organsystem hos ulike dyregrupper, med vekt på sirkulasjon, gassutveksling
og utskiljing, sett i samanheng med tilpassing til ulike levevilkår
·
gjere greie for hovudtrekk i
formeiringa av planter og dyr, sett i samanheng med utviklinga av livet på
jorda
·
forklare korleis opptak og
transport av vatn og oppløyste stoff skjer hos planter, og diskutere kva slag
tilpassing planter kan ha til ulike levevilkår
·
drøfte korleis ytre faktorar
påverkar vekst og utvikling hos planter
·
gje døme på og grunngje
korleis åtferd som kjem av evolusjon, er ein del av tilpassinga til
omgjevnadene
Biologisk
mangfald
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
forklare kva omgrepet
biologisk mangfald omfattar, og drøfte spørsmål kring ansvaret for å ta vare på
biologisk mangfald lokalt og globalt
·
forklare korleis ein art blir
definert, og korleis det biologiske mangfaldet blir organisert i taksonomiske
system
·
gje døme på variasjon innanfor
og mellom populasjonar av same art, og forklare kva denne variasjonen har å
seie
· forklare korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar i økosystema
Den unge
biologen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Økologi
Evolusjon
· forklare korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar i økosystema
Kompetansemåla i Biologi 2
Den unge
biologen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
planleggje og gjennomføre
undersøkingar i laboratorium frå alle hovudområda, rapportere frå arbeida med
og utan digitale verktøy og peike på feilkjelder i undersøkingane
·
planleggje og gjennomføre eit
større feltarbeid med ei undersøking av biotiske og abiotiske faktorar i eit
økosystem, og vurdere og presentere resultata med og utan digitale verktøy
·
forklare kvifor publisering og
fagleg kritikk er nødvendige prosessar i biologi som vitskap
·
finne fram til ny kunnskap i
biologi frå ulike medium og vurdere informasjon og påstandar i media på eit
fagleg grunnlag
·
diskutere på eit fagleg
grunnlag etiske utfordringar innanfor biologisk forsking
·
drøfte miljøutfordringar
lokalt og globalt med utgangspunkt i biologisk kunnskap
·
bruke animasjonar og
simuleringsprogram til å vise fenomen og biologiske samanhengar
Energiomsetning
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
samanlikne hovudtrekka og
energiutbytet i aerob og anaerob nedbryting av glukose, og knyte
energiomsetjing i celler til samansetjing av næringsstoff i kosthaldet
·
forklare korleis enzym, ATP og
andre kofaktorar verkar, og korleis aktiviteten til enzym blir regulert i
celler og vev
·
forklare korleis lysenergi kan
overførast til kjemisk bunden energi i fotosyntesen, og korleis energien blir
brukt til å produsere glukose
·
gjere greie for korleis ytre
faktorar verkar inn på fotosyntesen
Genetikk
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
forklare strukturen til DNA og
korleis DNA blir kopiert før cellene deler seg
·
gjere greie for transkripsjon
og translasjon av gen og forklare korleis regulering av gen kan styre
biologiske prosessar
·
samanlikne mitose og meiose
med vekt på fordelinga av genmateriale i cellene som blir danna
·
setje opp og teste hypotesar
for kjønnsbunden og dihybrid arvegang med og utan kopling av gen
·
forklare genetiske sjukdommar
ved å bruke kunnskapar om arv og mutasjonar, og gjere greie for korleis
samspelet mellom arv, miljø og livsstil kan påverke helsa hos menneska
Bioteknologi
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
·
gjere greie for framstilling
av genetiske fingeravtrykk, og korleis dei kan brukast i rettsmedisin og i
studium av slektskap mellom individ og grupper av organismar
·
forklare korleis
genmodifiserte organismar kan framstillast, drøfte korleis dette kan nyttast innanfor
medisin, produksjon av mat og biologisk forsking, og kva følgjer dette kan ha
for miljøet
·
gjere greie for den biologiske
verdien av stamceller, forklare prinsippa for reproduktiv og terapeutisk
kloning og drøfte etiske sider ved val av ulike kjelder for stamceller
·
formulere og drøfte
problemstillingar kring bruk av gendiagnostikk og genterapi på menneske
Økologi
Mål
for opplæringa er at eleven skal kunne
·
samle, bestemme og
klassifisere ulike organismar og knyte opplysningar om levevis og tilpassingar
til eit utval av organismane
·
gjere greie for faktorar som
regulerer vekst og storleik av populasjonar og forvalting av bestandar i eit
berekraftig perspektiv
·
gjere greie for krinsløpet til
karbonet og nitrogenet i eit økosystem, og korleis miljøgifter blir
konsentrerte i næringskjeder
·
gjere greie for korleis
energistraumen mellom trofiske nivå påverkar økosystemet
·
forklare korleis økosystem kan
endre seg over tid, og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem
Evolusjon
Mål
for opplæringa er at eleven skal kunne
·
gjere greie for grunntrekka i
evolusjonsteorien og kva slag kunnskap han byggjer på
·
gjere greie for teoriar for
korleis livet på jorda har oppstått, og beskrive nokre hovudtrekk i korleis
utviklinga av livet på jorda har gått føre seg
· forklare korleis den genetiske samansetjinga i populasjonar blir endra gjennom mutasjonar, naturleg seleksjon, genetisk drift, genflyt, horisontal genoverføring og endring av kromosomtal
· beskrive mekanismar som hindrar genflyt mellom artar, og gjere greie for teoriar om korleis nye artar kan utviklast.
·
forklare korleis
molekylærbiologi og genteknikkar gjev oss ny kunnskap om opphavet til artar og
utviklinga av slektskapstre
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar